Velkommen til Manger Frivilligsentral

Alle har noko å gje og alle treng ei hand av og til. Vi brenn for at mennesker skal møtast og berike kvarandre. Å bidra for andre gjennom frivillig innsats skapar ny mening i livet. Manger Frivilligsentral arbeidar for å skape lokale møteplassar og møte mellom menneske. Vi hjelper også lag og organisasjon med råd og rettleiing, t.d søknadar om midlar. Vi har god oversitk over lag og organisasjonar - ta kontakt!

Kan du bidra? Trenger du hjelp?

Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller trenger hjelp. Når du har sendt inn info, tar vi kontakt så snart vi kan.

Aktivitetar

Manger Frivilligsentral driv utstyrssentralen BUA Manger. Her kan alle låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Vi har opent kvar tysdag og torsdag frå 17-19, og du kan sjå kva utstyr vi har på www.bua.io.

Les mer

Vil du vere flyktningfadder? Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten. Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet

Les mer

365 dagar i året leverer frivillige varm middag på døra til eldre som bur heime. Maten vert levert varm, og køyrast ut mellom 11 og 12.30 kvar dag.

Les mer

Formiddagstreff kvar tysdag kl 11-14 i Prestegarden.

Les mer

Kan du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk? Då er Språkverkstaden for flyktningar den rette aktiviteten for deg 😊

Les mer

Kvar torsdag kl 13.00 serverast det middag og dessert i stova i Prestegarden på Manger.

Les mer

Kva skjer på Manger Frivilligsentral?

Dato Kl. Tittel Sted
Ingen kommende hendelser

Bli frivillig

Vi treng deg som frivillig og alle kan bidra med noko! Sei i frå her hvis du vil være frivillig, så tek vi kontakt. Saman med deg finn vi noko du har lyst til å være med på. Du skal ikkje vere redd for å måtte binde deg fast til noko - dette legg vi opp etter dine ønsker, og vi har som regel andre frivillige som kan steppe inn også.

Om oss

Ta kontakt eller kom innom for en prat om kva vi kan gjere for deg, ditt lag eller din organisasjon. Kanskje har du ein idé til noko for ditt lokalsamfunn?
2024 © Manger Frivilligsentral