BUA

Manger Frivilligsentral driv utstyrssentralen BUA Manger. Her kan alle låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Vi har opent kvar tysdag og torsdag frå 17-19, og du kan sjå kva utstyr vi har på www.bua.io.

Aldersgruppe: For alle

Hos oss kan alle låne gratis sports- og fritidsutstyr. Reserver gjerne på nett så kan vi ha utstyret ditt klart til deg når du kjem. Dette kan gjerast frå 14 dagar før du ynskjer å låne det. Merk at reservasjon stenger 48 timer før opning. Me du er velkomen innom utan reservasjon også!

Ved gode vérforhold, plutsleeg snøfall og langhelgar kan vi på kort varsel annonsere ekstra opningstider - desse får du best med deg ved å følge oss i sosiale medier. 

Vi oppfordrar til å sjekke nettsidene våre og å følge oss på sosiale medier på Facebook og Instagram : BUA Manger

2024 © Manger Frivilligsentral