-
BUA
Manger Frivilligsentral driv utstyrssentralen BUA Manger. Her kan alle låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Vi har opent kvar tysdag og torsdag frå 17-19, og du kan sjå kva utstyr vi har på www.bua.io.
Flyktningfadder
Vil du vere flyktningfadder? Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten. Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnetVil du vere flyktningfadder?
Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten.
Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet.
Den frivillige flyktningfadderen vil bli satt saman med ein flyktning eller flyktningfamilie, og vil fungere som ei støtte for dei i tida etter innflytting. Vi forsøker å ta hensyn til interesser, alder, og kvar de bur.
Oppdraget som frivillig flyktningfadder går ut på å vise dei rundt i nærområdet, introdusere dei for lokale aktivitetar, lag og organisasjonar, samt dele av eigen kunnskap om norsk kultur og levesett. Døme på andre aktuelle aktivitar kan vere å invitere på besøk, gå tur saman, eller hjelp med praktiske ting. Fadderordninga varer i utgangspunktet i tre månader, og vi avtaler med deg kor mykje tid du vil sette av.
Ønskjer du å bli flyktningfadder eller har du spørsmål?
Ta kontakt med Frivilligsentralane ved:
Veslemøy Maria Svartdal på telefon 453 16 624 eller Marit Hellestveit på 462 84 258
Eller send ein E-post til flyktningfadder@alver.kommune.no
Del på:
Flere aktiviteter
-
Opa stove i Prestegarden
Formiddagstreff kvar tysdag kl 11-14 i Prestegarden.
-
Språkverkstad
Kan du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk? Då er Språkverkstaden for flyktningar den rette aktiviteten for deg 😊
-
Torsdagsmiddag
Kvar torsdag kl 13.00 serverast det middag og dessert i stova i Prestegarden på Manger.