Torsdagsmiddagen er i gang att

Frå 12.august er torsdagsmiddagen i gang att i Prestegarden på Manger.

Her kan alle som ynskjer det komme for å kjøpe seg middag og ete i fellesskap med andre.. Middag m/dessert og kaffi kostar 90,- og ein kan betale med kontant eller Vipps.  Vi flyttar no tidspunktet til kl 13 i håp om at det er eit tidspunkt som passar betre for litt fleire. 

Middagen serverast kl 13.00, og ein melder seg på til Frivilligsentralen på telefon 97 97 12 15, seinast innan kl 10.00 same dag, gjerne dagen før.  Det er Inger, Margun, Åse og Anne som står for serveringa, medan maten vert produsert av Matsørvis. 

Vi minnar om at du må halde deg heime om du er forkjøla eller har andre luftvegssymptom. Vi opnar dørene kl 12.30, og ber deg bruke hovudinngangen til Prestegarden. 

Vel møtt – ta gjerne med deg ein nabo eller ein ven, det er kjekt å ha eit fellesskap rundt middagsbordet 😊

2024 © Manger Frivilligsentral