KULTURPRIS OG FRIVILLIGPRIS

Alver kommune delar kvart år ut ein kulturpris og ein frivilligpris. No kan du nominere kandidatar og kommunen er avhengig av å få inn dykkar forslag! Kjenner du nokon som legg ned ein ekstra innsats for lokalt kultur og frivilligheit som du tykkjer bør settast pris på? Send inn din nomasjon!

Kulturprisen skal gå til einskildperson, lag eller organisasjon som har gjort ein særskilt innsats innan kultur, idrett/friluftsliv eller frivilligheit over lang tid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.

Frivilligprisen kan delast ut til einskildpersonar eller lag/organisasjonar som har gjort ein særskilt frivillig innsats og engasjement innan kultur, idrett/friluftsliv, humanitært- eller helserealtertarbeid, til beste for innbyggjarane i Alver kommune.

Frist for å senda inn forslag på kandidatar er 1. november for begge prisane.

Forslag kan sendes på epost post@alver.kommune.no  eller sendes som brev til Alver kommune, P.B 4, 5906 Frekhaug. Merk brevet med «Kulturpris» eller «Frivilligpris»

Kontaktperson er Eileen M Feste, rådgjevar, kultur, E-post: eileen.feste@alver.kommune.no
 Telefon: 95 76 53 92

Vi håper på mange forslag på alle dei kreative, stå-på folka som er med på å dra lasset kring i det frivillige organisasjonslivet i Alver. Alle lag har «ja» menneskjer som tek på seg ansvar og bidreg aktivt i stort og smått i laget. Det kan vere store og små oppgåve, men alle er viktige for å skape eit godt miljø i laga. Send difor inn forslag – og hugs – det er ein ære berre å bli nominert!


(På biletet ser de Kristoffer Toska som mottok Radøy kommune sin siste frivilighetspris i 2019. foto: Strilen) 

2024 © Manger Frivilligsentral