Seniortur til Stadlandet i september 2021

Frivilligsentralen på Manger har tidlegare arrangert mange reiser og mange har vore særleg glad i reisene til sydlegare strøk. Kor tid det vert mogleg med slike reiser att er uvisst, men vi set no opp ei langehelg på Vestlandet - og håpar det kan friste med ein sosial tur i vakkert landskap.
Saman med Norsk Tur set vi opp tur til Stadlandet 2.-5.september. Kanskje saknar du nokon å reise saman med og likar å vere sosial på tur? Då anbefalar vi deg å vere med! 🙂 På turen vert det to reiseguidar med frå frivilligsentralen. Vår trufaste reiseleder Linda Grindheim er med, og i tillegg vert Marléen Blålid med som lokalguide. Marléen vaks opp i Blålid utanfor Måløy og bur no i Alverstraumen. Les meir om turbeskrivelsen her og meld deg på direkte hos Norsk Tur. 

Dersom reiseselskapet avlyser grunna korona vil de få pengane att. Dersom du sjølv avlyser er det avbestillingsgebyr, med mindre du har eiga avbestillingsforsikring som dekkar heile beløpet. Vi presiserer at alle er ansvarlege for si eiga reiseforsikring. 

Trykk her for informasjon og påmelding til reisearrangør


Du kan og hente brosjyre i postkassa på utsida av Prestegarden - tips gjerne nokon du kjenner om turen! :)

2024 © Manger Frivilligsentral