Møtestad Prestegarden

I Prestegarden er det gode moglegheiter for å skipe til arrangement. Kvar tysdag og torsdag kan du kome innom Prestegarden og delta på sosiale treff. Frivilligsentralen arrangerer saman med frivillige, og vi vil gjerne få til endå meir aktivitet her!

I løpet av året arrangerast det både faste og enkeltståande arrangement i frivilligsentralen sine lokaler i Prestegarden. Prestegarden har gode fasilitetar for arrangement og aktivitet. Her er det ei felels stove der ein kan dekke på langbord til ca 30 stk eller setje opp småbord. Ein kan tilberede enkel mat på kjøkenet. Vi har også ein flott hage som ein kan nytte, med utgang frå stova. Her er det også bord og benkar. Prestegarden og Tingstova er gratis å låne for frivillige lag og organisasjonar,. 

Faste treff: 

  • Tysdagar: Kaffi og småprat frå 11-14. Her kan alle  komme innom på ein kopp kaffi og treffe andre :) Ta gjerne med deg babyen om du er heime med born, be ein nabo vere med, kom aleine, eller ta med vennegjengen på spasertur først og kom innom oss etterpå. Er det fint vér nyttar vi hagen. 
  • Torsdagar: Middag kl 13 for alle som ynskjer. Det serverast heimelaga middag frå Matsørvisen for kr 120,- . Middag, dessert og kaffi i hyggelig selskap med andre! Bestill samme dag innan kl 11 på telefon 97 97 12 15.


Ulike arrangement

I år har vi også hatt hagefest saman med Manger Helselag, Manger Skulemusikklag, Nordhordland Turlag og Nordre Solend Gard - det var veldig kjekt og dette har vi lyst til å gjere att. Det er og mogleg å etablere fleire tilbod i Prestegarden, her er det stort potensiale for å skape sosiale møtestadar.   Har du, ditt lag eller din orgnaisasjon lyst til å nytte Prestegarden, hagen og Tingstova til å lage til opne arrangement saman med oss?  Har du ein ide? Treng de midlar til å gjennomføre eit arrangement? Vi kan bistå med søknadsskriving og informasjon om tilskotsordningar. Kanskje kjenner vi til andre som ynskjer å få til noko av det same? Ofte løner det seg å slå gode krefter saman. Vi er gjerne med - ta kontakt :)

Kontakt oss

Kontakt Birthe på  frivilligsentralen på mobil 97 97 12 15, så hjelper vi deg så godt vi kan med til å få det til. Du kan og sende oss mail til manger.frivilligsentral@alver.kommune.no. Vi har også facebookside.  Vi håpar de tek kontakt! :) 

2024 © Manger Frivilligsentral