Manger Frivilligsentral til Flor&Fjære

Vil du reise, men saknar nokon og reise med? Eller berre glad i å reise med fleire? No arrangerer vi tur til nydelege 'Fjor&fjære' i Stavanger.

Turen går t/r Manger - Stavanger med buss, der bur vi to netter på Scandic City.  Hovudutflukta er båttur ut til Flor&Fjære med omvisning og lunsj i fantastiske omgjevnadar. Bruk linken under til å finne meir informasjon om turen. Ein kan trykke på + bak dei ulike dagane og få fram detaljert informasjon. Ta gjerne kontakt med frivilligsentralen om du har spørsmål. Linda Grindheim vert med som frivillig reiseguide, noko vi er svært glade for!

Påmeldinga skjer direkte til Norsk Tur, som er reisebyrået vi nyttar til denne turen. Kvar enkelt er ansvarleg for eiga reiseforsikring til turen. 


Det vert informasjonmøte om torsdag 24.mars kl 12, i kinosalen på Manger. 

2024 © Manger Frivilligsentral