Frivilligheitsåret 2022

2022 er erklært frivilligheita sitt år, og ligg forankra i regjeringa si frivilligheitsmelding. 'Frivillighet Norge' har ansvaret for å planlegge og koordinere innsatsen og vi håpar at det i løpet av året vert mange moglegheiter til å feire og hedre frivilligheita nasjonalt, men og lokalt her i Alver.

Året 2022 set vi særskilt fokus på det fantastiske frivillige engasjementet i kommunen.

Vi håper det blir eit mangfald av markeringar og arrangement over heile kommunen gjennom heile året. Det vil være lokale tilstellingar, regionale markeringar og nasjonale kampanjar. I ein kalender finn du oversikt over store og små hendingar gjennom året, ikkje minst alle datoane som er registrert som VÅR DAG-markeringar. No kan laget ditt velje sin eigen «VÅR DAG», søkje støtte og vise fram den flotte aktiviteten i laget. Sjå meir på www.frivillighetensar.no

Ta kontakt med ein frivilligsentral om de ønskjer meir informasjon.  Vi kan mellom anna hjelpe med å gjere arrangementet kjent, søkje støtte og kome med råd og idear med meir.

Sjå www.alver.kommune.no og www.frivillighetensar.no for meir informasjon, eller ta kontakt med oss :) 

2024 © Manger Frivilligsentral