Ledige stillingar i frivilligsentralane i Alver

Me har ledig 2 mellombelse prosjektstillingar i Alver frivilligsentralar som skal samarbeide tett med NAV, frivilligheit i kommunen og andre kommunale tenester. Oppstart er snarast og gjeldt til juni 2024, med moglegheit for forlenging. Dei to stillingane vil arbeide saman som team med arbeid knytt til tilrettelegging og utvikling av tilbod knytt til integrering av flyktningar i tett dialog med frivilligsentralane. Vi tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag, som gjev deg moglegheit til å arbeide sjølvstendig og i direkte kontakt med andre menneske. Du får vere med å utvikle nye tilbod og tilpasse desse til målgruppa, lokal frivilligheit og våre lokalsamfunn.

Frivilligsentralane si oppgåve er å vere eit bindeledd mellom lokal frivilligheit og det offentlege, samt å vere ein ressurs for lokale lag og organisasjonar. Delar av arbeidet knytt til desse stillingane vil ligge i skjæringspunktet mellom det offentlege og det frivillige, og frivilligsentralane vil her ha ei koordinerande, utviklande og rådgjevande rolle.

 Arbeidsoppgåver

  • Administrere og drive prosjekttiltak for integrering av flyktningar, med særleg ansvar for koordinering og utvikling av frivillig innsats. 
  • Drift av språkverkstad/-senter i samarbeid med frivillige 
  • Drift og utvikling av flyktningfadderordningar for busette flyktningar, og inkluderande tiltak i lokalsamfunna 
  • Andre arbeidsoppgåver knytt til flyktningarbeid kan verte aktuelle 


Klikk her for å kome til stillingsutlysinga på kommunnen sine sider: https://alver.easycruit.com/vacancy/3138325/199535?iso=nn

2024 © Manger Frivilligsentral