Innsamling og utdeling av kle og utstyr til nyankomne flyktningar

Frivilligsentralane i Alver har sidan mars 2022 hatt innsamling og utdeling av kle og utstyr til nyankomne flyktningar. Dette vert no avvikla, og dette er siste veka med opent lokale.

Alverhjelpen 365 vil overta det vi har til overs av kle og utstyr, og heretter vil dei som treng kle og utstyr kunne få det hjå dei. Dei har opent kvar måndag, onsdag og fredag frå 10-17. Du finn dei rett over vegen for Kiwi i Knarvik, i Kvassnesvegen 5.  Innkøyring er for tida ned via rundkjøringa ved Hageland, til venstre forbi Rema 1000, til du kjem til Kiwi. Parkeringsplass på venstre side av vegen. Vi ber om at de ikkje nyttar Kiwi si kundeparkering. 


Vi rettar ei stor takk til dei frivillige som har vore med å drive dette tilbodet saman med oss! Likeså må vi takke alle som har donert kle og utstyr. Dette tilbodet  hadde ikkje vore mogleg utan dykk! :) 

2024 © Manger Frivilligsentral