-
Julegåveaksjonen i Alver 2024- slik kan du gje og få
Årets julegåveaksjon er i gong og du kan be om hjelp til jul.
Godt nytt år!
Januar er i gong og vi håpar at vi dette året kan komme tilbake i heilt vanleg gjenge att, slik som vi trudde vi skulle i 2021.Vi avventar nye retningslinjer i midten av januar og håpar vi snart har full aktivitet att. Middagskjøring til heimebuande går som normalt.
Prestegarden - vår møteplass
Vanlegvis har vi opent i Prestegarden for kaffi og prat tysdagar kl 11-13, og middagservering torsdagar kl 13. Detaljar om arrangementa finn du inne på siden våre her, under 'aktivitet'. Vi følgjer gjeldande smittevernsreglement, held god avstand mellom deltakarane. Dersom du har luftvegssymptom kan du ikkje delta, og alle må sprite hender ved ankomst og bære munnbind om ein ikkje kan halde meteren.
BUA Manger
BUA held opent tysdagar og torsdagar frå 17-19, og vi håpar det kjem snø framover. I fjor hadde vi ein eventyrleg sesong på nyåret, der ein kunne drive al slags vinteraktivitet i eige nærmiljø - drøymer om slike forhold att! Sjå www.bua.io for booking av utstyr og nærare opningstider.
Kulturtimen
Det har dessverre vore opphald i kulturtimen sidan mars 2019, grunna pandemien. Vi veit endå ikkje når sjukeheimen opnar att for samlingar og besøkande.
De kan også følge Manger Frivilligsentral på Facebook og BUA Manger på Facebook og Instagram.
Del på:
-
Redesign og klesverkstad
Vi arrangerer to kveldar på Manger med redesign, klesverkstad og syhjelp. Har du noko du har tenkt på at du burde ha fiksa? Ta det med til oss! Vi stiller med symaskin, utstyr og folk som kan hjelpe deg.
-
Julegåveaksjonen i Alver - slik kan du gje og få
Årets julegåveaksjon er i gang. Du kan melde inn behov om hjelp fram til 3.desember, og du kan gje gåver fram til 13.desember. Meir info på plakaten under.
-
KULTURPRIS OG FRIVILLIGPRIS
Alver kommune delar kvart år ut ein kulturpris og ein frivilligpris. No kan du nominere kandidatar og kommunen er avhengig av å få inn dykkar forslag! Kjenner du nokon som legg ned ein ekstra innsats for lokalt kultur og frivilligheit som du tykkjer bør settast pris på? Send inn din nomasjon!
-
Kommunedelplanen ' Kultur som drivkraft'
Kommunedelplan for kultur, idrett og friluftsliv er no ute på høyring. Har du innspel?Meld dei innan 11.april.