-
BUA
Manger Frivilligsentral driv utstyrssentralen BUA Manger. Her kan alle låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Vi har opent kvar tysdag og torsdag frå 17-19, og du kan sjå kva utstyr vi har på www.bua.io.
Middagskøyring
365 dagar i året leverer frivillige varm middag på døra til eldre som bur heime. Maten vert levert varm, og køyrast ut mellom 11 og 12.30 kvar dag.Maten er laga hjå Radøy Matsørvis og smakar som heimelaga, nydeleg god!
.Ønskjer du å få middag levert? Ta kontakt med Heimetenesta v/Johnny Brattetaule.
Du når han ved å ringja innbyggjarsørvis på 56 37 50 00.
Ønskjer du å vera med som sjåfør? Ta kontakt med Frivilligsentralen på 97 97 12 15.
Del på:
-
Flyktningfadder
Vil du vere flyktningfadder? Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten. Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet
-
Opa stove i Prestegarden
Formiddagstreff kvar tysdag kl 11-14 i Prestegarden.
-
Språkverkstad
Kan du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk? Då er Språkverkstaden for flyktningar den rette aktiviteten for deg 😊
-
Torsdagsmiddag
Kvar torsdag kl 13.00 serverast det middag og dessert i stova i Prestegarden på Manger.