BUA Manger Frivilligsentral driv utstyrssentralen BUA Manger. Her kan alle låne sports- og fritidsutstyr heilt gratis. Vi har opent kvar tysdag og torsdag frå 17-19, og du kan sjå kva utstyr vi har på www.bua.io.
Flyktningfadder Vil du vere flyktningfadder? Frivilligsentralane i Alver kommune har sett i gong fadderordning for flyktningar denne hausten. Målet er å bidra til godt integreringsarbeid i kommunen, og hjelpe flyktningar med å finne seg til rette og bli ein del av lokalsamfunnet
Språkverkstad Kan du norsk? Er du ledig på dagtid og liker å snakke med folk? Då er Språkverkstaden for flyktningar den rette aktiviteten for deg 😊
Torsdagsmiddag Kvar torsdag kl 13.00 serverast det middag og dessert i stova i Prestegarden på Manger.