-
Møtestad Prestegarden
I Prestegarden er det gode moglegheiter for å skipe til arrangement. Kvar tysdag og torsdag kan du kome innom Prestegarden og delta på sosiale treff. Frivilligsentralen arrangerer saman med frivillige, og vi vil gjerne få til endå meir aktivitet her!
Julegåveaksjonen i Alver 2024- slik kan du gje og få
Årets julegåveaksjon er i gong og du kan be om hjelp til jul.Julegaveaksjonen i Alver 2024 deler ut matkasser og julegaver og rettar seg spesielt mot barnefamiliar, men også andre vanskeligstilte. Matkasse kan alle søke om, men ved stor pågang vil barnefamiliar bli prioritert framfor andre. Julegaver vert kun delt ut til barn t.o.m 18 år. For å motta julegaver og matkasse må du bu i Alver kommune
Frist for å søke er søndag 24.november. Søknadar mottatt etter denne datoen vil ikkje verte behandla. Pga stor pågang ber vi om at alle som kan hente matkassene/julegavene sjølv gjer det, og at ein kun ber om levering dersom ein ikkje har mulighet til å hente sjølv. Vi vil presisere at kassene er tunge, og at det ikkje er anbefalt å satse på å bære det med seg til buss. Då er det betre å be om hjelp til transport slik at vi kan planlegge for det. Vi leverer ut matkasser/gåver laurdag 16.desember. Vi kan ikkje love eit klokkeslett for når vi kjem denne dagen.
Dersom du har spørsmål kan du sende ein e-post til julegaveaksjonen@alver.kommune.no eller kontakte Nordhordland Røde Kors. Du vil få svar 2.desember på om du får matkasser/gåver eller ikkje.
Arrangør: Nordhordland Røde kors i samarbeid med Alver Frivilligsentralar
Del på:
-
Torsdagsmiddag
Torsdagsmiddagen til frivilligsentralen går som normalt att.
-
Opa stove i Prestegarden
Kavr tysdag er det opa stove i Prestegarden, frå kl 11-14. Arrangementet er ope for alle!