Torsdag 24 Mars 2022
Kl. 12:00 - 13:00
Informasjonsmøte om gruppereiser 2022
Manger Frivilligsentral set opp to gruppereiser i 2022 og vi inviterer til informasjonsmøte i kinosalen på kommunehuset på Manger, torsdag 24.mars kl 12.00.

Vi set opp to turar i år: 

- 7-9.juni vert det tur til Stavanger, der ein bur to netter på hotell og besøker Flor&Fjære. Her får ein lunsj og omvisning, samt tid til å trakke rundt på eiga hand. Ein fantastisk stad som er vel verdt eit besøk! Du kan lese meir om staden her: Flor & Fjære (florogfjare.no) og dersom du allereie no vil melde deg på turen så kan du gjere det her: Manger frivillighetssentral til Flor & Fjære – Norsk Tur . Frivillig reisevert Linda Grindheim vert med på turen. 

- 20.september -4.oktober vert det to vekers tur til Malaga i Spania. Meir info om denne kjem snart. Linda Grindheim og Margun Stordal vert med som frivillige reisevertar. 

På møtet vil Kjell Bjorøy frå Norsk Tur orientere meir i detalj om tilboda og ein kan få spørja om ting ein lurer på. Vel møtt! 

Flere kalenderoppføringer
2024 © Manger Frivilligsentral