Det er frivillige tilstades kvar tysdag, og du får kaffi og noko lite attåt. Dette er ein uformell møtestad der ein kan kome og gå når det passar. Ta med deg ei avis, spøtet ditt eller berre deg sjølv! Det er ikkje noko opplegg desse tysdagane, det er praten og folka som kjem som sjølve lagar møtestaden til det den er. al servering er gratis.
Vi oppfordrar deg til å ta turen innom oss ein tysdag om du kan. Møtestaden passar for alle aldrar og alle menneske. Velkommen!