Julegåveaksjonen i Alver 2022 deler ut matkasser og julegåver og rettar seg spesielt mot barnefamiliar, men også andre vanskeligstilte.
- Matkasse kan alle søke om, men ved stor pågang vil barnefamiliar bli prioritert framfor andre.
- Julegåver vert kun delt ut til born t.o.m 18 år.
- For å motta julegåver og matkasse må du bu i Alver kommune.
- Frist for å søke er 12.desember. Søknadar mottatt etter denne datoen vil ikkje verte behandla. Du vil få svar seinast 14.desember.
Pga stor pågang ber vi om at alle som kan hente matkassene/julegåvene sjølv gjer det, og at ein kun ber om levering dersom ein ikkje har mulighet til å hente sjølv. Det må hentast i Knarvik 16 eller 17.desember, og du vil få tilsendt informasjon om klokkeslett og stad når det nærmar seg. All informasjon om dette kjem på e-posten du oppgjer i dette skjemaet.
- Dersom du har spørsmål kan du sende ein e-post til julegaveaksjonen@alver.kommune.no eller kontakte Nordhordland Røde Kors.
- Du kan endre språk på skjemaet ved å trykke øverst i høgre hjørne i nettleseren.
Arrangør: Nordhordland Røde kors, Manger Frivilligsentral og Frekhaug Frivilligsentral.