Julegåveaksjonen 2022

Saman med Nordhordland Røde Kors arrangerer Frekhaug og Manger frivilligsentral no årets Julegåveaksjon. Denne aksjonen er etter kvart blitt ein tradisjon og arrangerast for 7.året i år. Julegåveaksjonen hjelper til med matkasse og julegåver til dei som slit med å få endane til å møtest til jul. Julegåveaksjonen vart starta av Frekhaug Frivilligsentral i 2015, og etter kvart vart Nordhordland Røde Kors ein sentral medspelar. Jula 2019 vart aksjonen utvida til å gjelde alle innbyggjarar i Alver. Under finn du informasjon om korleis du kan gje eller få hjelp til jul under årets aksjon.


Treng du hjelp til jul?

Meir informasjon om hjelp til jul, samt påmeldingskjema finn du ved å følge denne linken. Det er ingen særskilde krav for å kunne be om støtte, og vi ber ikkje om tilleggsopplysningar om livssituasjon eller økonomi. Dersom pågangen vert for stor vil barnefamiliar ha høgast prioritet, men alle som treng hjelp kan sende inn påmelding. Vi presiserer at hjelp til julegåver kun gjeld for foreldre som treng hjelp til julegåver for barn t.o.m 18 år. Påmeldingsfristen er 12.desember, og du får svar seinast 14.desember. 

Vil du hjelpe andre til jul? 

Dersom du ønsker å bidra til Julegåveaksjonen kan du gjere det på tre måtar:  

  • Kjøp ei julegåve og legg den under eitt av juletrea som er utplasserte i Alver:
    • Amfi Knarvik v/Norli
    • Kommunehuset på Manger
    • Lindås Nærsenter
    • Biblioteket på Manger 
    • Ostereidet kro
    • MaxFitness på Frekhaug  

Du kan pakke inn og merke med  kjønn og alder om du vil, men du kan og berre leggje det du har kjøpt under treet utan innpakning. Vi får veldig mange presangar i aldersgruppa 0-5 år, og oftast få til tenåringar – så ta gjerne hensyn til dette. Frist for innlevering av gåver er 16.desember. 

  • Gje ei pengegåve på Vipps, dette går til å kjøpe inn mat og gåver til Julegåveaksjonen. Vippsnummer 128462 eller ' Røde Kors Nordhordland' . Merk med ‘jul’. 

Spørsmål eller henvendingar til julegåveaksjonen kan sendast til julegaveaksjonen@alver.kommune.no 

Vi takkar for alle som engasjerer seg for ei god jul for alle!

2024 © Manger Frivilligsentral