Godt nytt år!

Januar er i gong og vi håpar at vi dette året kan komme tilbake i heilt vanleg gjenge att, slik som vi trudde vi skulle i 2021.

Vi avventar nye retningslinjer i midten av januar og håpar vi snart har full aktivitet att. Middagskjøring til heimebuande går som normalt. 

Prestegarden - vår møteplass

Vanlegvis har vi opent i Prestegarden for kaffi og prat tysdagar kl 11-13, og middagservering torsdagar kl 13. Detaljar om arrangementa finn du inne på siden våre her, under 'aktivitet'. Vi følgjer gjeldande smittevernsreglement, held god avstand mellom deltakarane. Dersom du har luftvegssymptom kan du ikkje delta, og alle må sprite hender ved ankomst og bære munnbind om ein ikkje kan halde meteren. 

BUA Manger

BUA held opent tysdagar og torsdagar frå 17-19, og vi håpar det kjem snø framover. I fjor hadde vi ein eventyrleg sesong på nyåret, der ein kunne drive al slags vinteraktivitet i eige nærmiljø - drøymer om slike forhold att!  Sjå www.bua.io for booking av utstyr og nærare opningstider. 

Kulturtimen

Det har dessverre vore opphald i kulturtimen sidan mars 2019, grunna pandemien. Vi veit endå ikkje når sjukeheimen opnar att for samlingar og besøkande. 


De kan også følge Manger Frivilligsentral på Facebook og BUA Manger på Facebook og Instagram.

2024 © Manger Frivilligsentral