Den internasjonale eldredagen

Den internasjonale eldredagen som er 1.oktober vert markert fleire stadar i kommunen. Under følgjer ei oversikt over ulike arrangement som er skipa til av lokale lag og organsisasjonar i samarbeid med Frivilligsentralane i Alver. Vi oppfordrar deg som er senior til å vitje eit av arrangementa, du melder deg på direkte til dei ulike arrangørane.

Det vert ulike markeringar rundt omkring i Alver, og arrangementa er opne for alle. 

·Nordhordland Røde Kors Omsorg markerer Den internasjonale eldredagen og inviterer til ei hyggestund frå kl. 12 - 14 for seniorar i Lyngvegen 2 i Knarvik Det blir servering og litt underhaldning. Du melder deg på ved å sende ein sms til 90 91 64 63! 


·Vestnorsk utvandringssenter inviterer til kaffistund og bokbasar i Emigrantkyrkja kl. 11-13. Påmelding til telefon 91 71 29 61


·Radøy Pensjonistlag med fleire inviterer til middag på Smiths pensjonat kl. 15.30. Kurt Hatten underheld, ordførar Sara Hamre Sekkingstad kjem. Påmelding til Manger Frivilligsentral 97 97 12 15 eller manger.frivilligsentral@alver.kommune.no.   Pris: 300,- 


·Sæbø ungdomslag inviterer seniorar i Sæbøkrinsen til kaffistund i Sæbø ungdomshus kl. 15. Ta med godt humør og gode innspel.  Kanskje det er interesse for å ha fleire seniorsamlingar i tida framover? Påmelding til Øystein Marås på mobil 48 25 72 91 eller Elise Golten på mobil 90 82 58 13 innan onsdag 29. september 2021.


·Stranda bygdelag inviterer seniorar til samling i Strandatun kl. 17. Det blir servert middag (fårikål), med kaffi og kaker. Det vil vera innslag med Einar Færø som på spurnad har takka ja til å lesa nokre av sine dikt. Prisen er 300,- pr. person, og det er bindande påmelding. Betaling kan skje i døra når du kjem, eller på Vipps nr 137876. Påmelding til Eva mobil 47 06 58 56 og fristen er 23. september. På grunn av smittevern vil det vere eit avgrensa tal plassar.


Laurdag 2.oktober:

AKTIVITETS OG INSPIRASJONSDAG FOR SENIORAR!
 Kommunehuset på Frekhaug kl. 12.30 – 16.00.
 Foredrag med Stig Holmås. Aktivitetar rundt omkring på Rådhuset. Ta ein tur innom ordføraren og slå av ein prat! Pensjonistkoret og Seniordansarane kjem innom! Open kafé! Arrangementet er gratis!

2024 © Manger Frivilligsentral