Aktivitet ved Manger Frivilligsentral

Dei fleste av dei faste aktivitetane til frivilligsentralen har hatt opphald i lengre tid, og vi veit at dei er sakna av fleire. Om situasjonen ikkje endrar seg dramatisk, startar vi opp att etter sommarferien med gamle og nye aktivitetar.

Seniorarrangement

Tysdagstreffa har vore ein uformell møtestad på føremiddagstid, der ein kan få seg ein kopp kaffi og noko attåt. Nokon gongar syng vi, eller spelar bingo. Torsdagsmiddagen er eit felles middagsmåltid med mat levert frå Matsørvis med middag, dessert og kaffi. Tysdagstreff og torsdagsmiddag i Prestegarden har vore kjekke samlingspunkt for mange, og det har vore kjedelig å måtte halde desse aktiviteane stengt over så lang tid. Stadige lokale oppblomstringar og oppmoding om å ha få sosiale kontakter har gjort det vanskelege å starte opp att. Frå hausten av vil vi starte opp igjen med aktvitet i Prestegarden og det ser vi fram til.

Kulturtimen på Vleferdssenteret startar opp att når retningslinjene der tilseier det, oppstartstidspunkt er uvisst.

Er du interessert i å bidra på nokon av arrangementa? Vi treng hjelp til servering og tillaging, men ynskjer oss også bidrag til sang og anna på fleire av arrangementa våre.  Ta kontakt med oss på 97 97 12 15 om du lurer på noko! 

Aktivitet for ungdom

Utstyrssentralen BUA har vore open nesten heile tida sidan starten i juli 2020, og har vore viktig for å halde born og unge i aktivitet. I sommar er den open måndagar og onsdagar kl 11-15. Du kan reservere utstyr på www.bua.io, eller komme innom i opningstida. Vi oppfordrar deg til å opprette brukar på nettet før du kjem. Om du treng hjelpt til dette så kan vi hjelpe deg i BUA. I sommar er det sommarvikarane Aurora, Simon og Even som styrer BUA. Frå hausten av har vi tilsett Mario Vikan Bertheussen i 50% stilling i BUA i Alver ( BUA Mange rog BUA Frekhaug). 

Andre prosjekt

Kajakk: Saman med avdeling for psykisk helse og rus har Frivilligsentralen eit kajakkprosjekt. Med støtte frå Helle Bennets Almennyttige Fond har vi kunne kjøpt inn kajakkar og tilhøyrande utstyr. Tilsette i psyksik helse og rus, samt BUA, gjennomgår no kursing i kajakk. Psykisk helse  og rus ynskjer å nytte aktivitet og friluft endå meir i sitt tilbod, og BUA ynskjer å tilby kajakk til dei som ynskjer det. Dersom ein har våtkort, kan ein låne kajakkane gratis i BUA ganske snart. Våtkort kan ein ta hjå t.d Kvernbit Kajak eller Nordhordland Padleklubb. Ta kontakt med oss om du ynskjer meir infomasjon. 

Møtestad for seniormenn: Til hausten startar vi opp ein eigen møtestad for seniormenn. Dette vert gjort med bakgrunn i at vi opplever at få menn nyttar seg av dei sosiale møtestadane vi set opp for denne gruppa. Kva denne møtestaden skal vere og kva aktivitet ein skal halde på med vert opp til dei som ynkjer å vere med, dette finn vi ut saman. Møtestaden kjem til å vere i tilknytning til idrettsanlegget på Hordabø. Meir informasjon kjem! 


Bli med! 

Vi ser fram til hausten på Manger Frivilligsentral! Vil du vere frivillig eller ynskjer du hjelp til å starte eit tilbod du meinar trengst? Aktivitetane til sentralen er basert på frivillig innsats og vi er avhengige av denne for å halde fram med tilboda eller starte opp nye. Det er sosialt og gjevande å vere frivillig, og du vert ein del av eit fellesskap saman med andre frivillige. Ein kan vere med fast, av og til eller iperioder - dette tilpassar vi deg! 

 Ta kontakt så tar vi oss ein prat og ser kva vi kan få til. Ring Birthe på 97 97 12 15. 

2024 © Manger Frivilligsentral